DET SUSER I SIVET kl. 17.00 (Eventyr i Parken)
Ein vill, varm og morosam dag i dyreriket! Bli med når Eventyr i Parken tek deg med inn i den britiske barnebokklassikaren Det suser i sivet. Møt Moldvarp, Rotta, Herr Grevling og den heilsprø Padda i ei utandørs teateroppleving fylt med piknikstemning, påfunn og fart – perfekt for både små og store eventyrarar!

Det suser i sivet – utandørs teater for heile familien
Det er klart for piknik og eventyr i dyreriket! Bli med når Eventyr i Parken inviterer deg inn i universet til den britiske barnebokklassikaren Det suser i sivet av Kenneth Grahame. Her møter du den forsiktige Moldvarp, den sjølvsikre Rotta, kloke Herr Grevling – og ikkje minst Padda, småkongen med altfor mykje fart og altfor mange sprell!
Dette er ei varm, morosam og musikalsk framsyning ute i det fri, perfekt for både barn og vaksne. Opplev ein dag som startar roleg og idyllisk, men som raskt tek ei fartsfylt vending.
🎭 Passar for: barn frå 3 år og oppover (og dei som framleis er unge til sinns)
⏳ Varigheit: ca. 1 time
🌿 Utandørs NYGÅRDSPARKEN – hugs sitteunderlag og klede etter vær
Ta med familien, pakk piknikkorga og bli med på eit teaterbesøk ute i det grøne – der alt kan skje!
OM EVENTYR I PARKEN
Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som skaper unike, utandørs kulturopplevingar for barn og unge. Vi produserer og turnerer eigne framsyningar, og tek også eventoppdrag. Eventyra våre kan dukke opp overalt – på skular, i barnehagar, på festivalar, gatemarknader, i skogen, i smau – og på stader vi endå ikkje har oppdaga.
Vi vil at alle skal få oppleve teaterglede. Difor er vi eit oppsøkande teater, og vi legg vekt på at framsyningane våre skal vere rimelege å delta på. Dette får vi til takka vere støtte og gode samarbeidspartnarar – tusen takk til alle som gjer det mogleg å halde eventyret levande!
Kompaniet vart etablert i 2018 av Cosmina Alexandra Giurgiucanu, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna og Thomas B. Brandt. I dag blir det leia av Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen og Thomas B. Brandt, saman med eit nettverk av dyktige lokale kulturaktørar som brenn for å skape opplevingar av høg kvalitet i møtet mellom kultur og natur.
🎭 BERGEN FRINGE FESTIVAL 2025 🎭 29.–31. august – Cornerteateret
Tre dager. Tre scener og en park. Ett pulserende hus fullt av teater, dans, humor, fortellinger, konserter og uventede møter. Bergen Fringe Festival er tilbake – og i år setter vi ekstra fokus på kunst fra Bergen!
Du møter kjente navn som Helge Jordal, Vibeke Flesland Havre, Eventyr i Parken, Shelmith Øseth – og vi åpner hele herligheten med Kate Pendry, presentert av Syv Mil.
Fra barneteater til ungdomsforestillinger, revy og impro, fortellerverksted, cabaret, dans og klovneskrekk – her er det virkelig noe for alle. Kom alene, med vennegjengen eller hele familien, og opplev tre dager med scenekunst som overrasker, berører og begeistrer.
💚 Vi er en grønn festival – og vi lover å fylle Cornerteateret med både hjertevarme og kreativt kaos.
📍 Hvor: Cornerteateret, Bergen
📅 Når: 29.–31. august 2025
Restriksjoner
Kjøpte billetter refunderes kun ved avlyst forestilling.